|
Prosjektet | |||||||||||||||||||||||||
| - et annerledes og dramatisk HARDANGER! | ||||||||||||||||||||||||||
Prosjetkleiarar:
Prioriteringar for Tyssedalprosjektet:Hovudaktivitetar i november og desember, og inn i år 2002
a. Stadanalyse for Tyssedal. Analysen er finansiert av Riksantikvaren, Hordaland Fylkeskommune og Odda kommune. Arbeidet starta opp 8.mai 2001, med arkitektfirmaet SG Arkitektar i Halden og siv.ark. Svein Jakobsen som hovudkonsulent. Stadanalysen skal vera ferdig ved utgangen av 2001. Kontaktar ang. stadanalysen er SG Arkitektar tlf. 69 17 63 40. b. Skjeggedalstova og kvernhuset. Hausten 2001 skal Skjeggedalstove flyttast frå Seljestad, og tilbake til Skjeggedal. Den blir reist på gamle tomter i Skjeggedal sommaren 2002. Stova skal gå inn i det pedagogiske opplegget for skulane og vera open for turistar. Saman med det gamle kvernhuset vil stova vera med å visa levevilkåra frå førindustriell tid. Kvernhueset vil visa korleis dei nytta vasskrafta på fossekallen i kverna før dagens Gigawattproduksjon i Tysso 2, Mågeli kraftstasjon og Oksla. Stova blir ferdig og opna 31. august 2002. Entrepenør for flyttinga er Ivar Gravdal.
c. Kulturminneplakat. Denne plakaten blir utgitt i første halvår 2002. Plakatar er finansiert av Riksantikvaren og Odda
kommune Teknisk sektor ved Terje Nesse. Det er meininga at
det skal organiserast vandringsruter i Tyssedal knytt til denne plakaten og til plakettane som er utplassert på historiske bygg i Tyssedal. Plakaten blir å få kjøpt sammenbretta og i rull. Størrelsen er 100 x 70 cm.
Plakaten kan kjøpast på Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum, 5770 Tyssedal. d. Reiselivsdelen blir fullt operativ igjen med Eva M. Rønhovde som prosjektleiar. Tyssedalprosjektet skal arbeida for å gjøra Tyssedal til eit attraktivt reisemål. For å nå dette målet med dei midlene ein har i dag , blir det gjennomført marknadsundersøking, marknadsplanlegging, sal, produktutvikling, marknadsføring og salskampanjer m.m. for å nemna nokon av arbeidsområda. Tyssedal er eit av fire fyrtårnprosjekt i Hordaland Fylke ut år 2002.
e. Dekorasjonsbanner på lyktestolpar i Tyssedal med teksten: "OPPLEV TYSSEDAL" og med foto av Trolltunga og historisk foto av Kraftstasjonen ble hengt opp sommaren 2002. Bannera blir også plassert på musumsbygningen til NVIM, ved Kraftstasjonen Tysso 1 og i Skjeggedal, som er startpunktet for turen inn til Trolltunga. f. Ny plakat for NVIM er ferdig, og kan kjøpast på NVIM, Tyssedal. g. Boka "Velkommen til Tyssedal", ei historiebok om Tyssedal skal produserast i 2002. Den vil innehalda ei kort forteljing om Tyssedal, kulturhistorisk oversyn, arkitekturhistorie gjennomgang, og oversiktsartikkel om storindustrien sine første år etter 1905 i Noreg, der Tyssedal var ein av dei mest sentrale plassane for den nye industrien og kraftproduksjonen. h. Tveitahaugen. Huseigarane på Tveitahaugen vil få hjelp i form av retteleiing til restaureing og vedlikehald av husa.
i. Firkanten - Galleri og kulturverksted. På Tveitahaugen ved sida av Elektra ligg huset Firkanten. Tre organisasjonar leiger no huset til kulturaktivitetar. Desse er Odda Bondekvinnelag med vevstove, Djuphølen Fluefiskerklubb med klubblokale og fluebindekurs og Odda Kunstforrening med fast galleri. Dette er eit toårig prøveprosjekt i regi av Odda kommune og Tyssedalprosjektet.
j. Det Nasjonale Vasskraftmonumentet Elektra er eit stort monument med fleire interaktive element som lyd, lys og vatn. Monumentet ligg på Tveitahaugen og vart avduka 2000. Monumentet har eige heimeside: http://www.elektra-interact.com
| ||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||